|
|
ALLE SØKNADER TIL KULTURKONTORET Skal du søke om tilskot klikk på Registrering til venstre, dersom du ikkje alt er rgistrert.
Ein kan no søkje elektronisk om kulturmidlar til Giske kulturkontor. Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan nytte same system. Ein må først registrere seg før ein kan kome i gong. Her kan ein følgje kor langt søknaden er komen, og få svar på søknaden. Ein vil også kunne sende meldingar og informasjon, og på den måten syte for ein raskare og meir direkte informasjon.
Alle søkjefristar og reglar om kva du kan søkje på, vert samla her. Målet er å gjere det lettare og meir oversiktleg. Tips oss gjerne om kva du meinar, og om anna informasjon du meinar ein bør leggja ut.
Registreringa skal vere sjølvforklarande og enkel og utføre. Allereie i dag nyttar særs mange elektronisk post, noko vi har måtte ta konsekvensen av. Framleis vil det sjølvsagt være mogleg å søkje pr. post til kommunen. Ein kan og få hjelp til å bli lagt inn som brukar.
Ein har også lagt ut direkte linkar til andre stader kor ein kan søkje om tilskott.
For meir informasjon og tips, kontakt: Giske kommune, kulturkontoret, 6050 Valderøya
Leslie Bjørkelund kulturkonsulent
Tlf: 70 18 80 00
For spørsmål og kommentar: E-post: lebj@giske.kommune.no.
|
|
|
|
|
|
|